onsdag 19. august 2009

Framme!:D






No er eg endelig framme. Det var masse styr med bagasjen, den kom ikkje før i dag, og eg kom den 15. august... Men eg fekk jo handla litt klede med forsikringspengane....:) Det er syden varme her og vertsfamilien min har basseng i hagen. I dag besøkte Pauline, Gale og med Elizabeth (moro til Gale) og LouAnne (søstero til Gale) me åt pølser, macaroni med ost og chips:D Det var veldig koselig!!! I går var eg og såg på skulen eg skal gå på. Den var kjempestor! Møtte på mange lærarar og, ei av mattelærarane kunne litt norsk!! Det var morsomt. Eg har tenkt å prøva ein sport, tenkte først på volleyball, men ein lærar anbefalte cross contry running, så eg prøver med på det, læraren som trente dei som sprang virka og veldig grei:-D Handla og skrivebøker, dei er heilt annleis enn i Noreg. Eg har og møtt nevøen til Gale, han er 17 år og spelar på fotball laget. Han forklarte reglane mens me såg ein film der han var med å spela.
Skal fortelja meir, men trenger adapter, så eg kan skriva meir seinare. Har nokre bileter der Pauline og eg er utforbi ein Cola restaurant som hadde cola tema. Alslags cola ting!! Bilete av rommet mitt og huset der eg bur og:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar