fredag 31. juli 2009

2 veker igjen!

Tenkt eg måtte informere litt. No er det altså bare to veker igjen til eg fere til USA:-) Sidan eg reiser med organisasjonen Rotary er det vanlig å bu hos meir enn ein familie under utvekslinga. Eg har fått to, og dei virker utrulig kjekke!! Det virker som om dei har hatt utvekslingsstudenter før, og det er jo bra, då har dei jo litt erfaring. Dei var medlem av rotary og. Begge vertsforeldra mine har vaksne ungar og barnebarn. Den familien eg skal bu hos først bur i Martinsburg (i Pennsylvania) og dei har to hundar. Ungane deira bur i Ohio, så eg kjeme vel til å ta ein tur der og:) då får eg også hilsa på barnebarna deira. Eg skal bu ilag med ei jenta frå Frankrike, som og er utvekslingsstudent (har allerede snakka litt med ho, og ho virker veldig grei). I november skal me ein tur til Florida!! det gler eg meg kjempemasse til! og sidan begge vertsmødrene mine elsker å shoppa, blir nok kofferten min ganske full når eg skal heim... (eg får hiva litt ut viss eg tilfeldigvis skullle ta meg ein rafting tur...)
Min andre familie bur i nabo"landsbyen", som eg like å kalla da, Roaring Spring. For å komma meg til skulen, som er i Martinsburg, blir eg nødd til å ta dei gule skulebussane:-) Men når det ikkje er skule pleier vertsfamilien min nr2 å kjøyra til ei lita hytte ved ei elv der dei padlar, kayaker og fiskar. Eg skal nok klara å halda på formen etter all den maten-som-kan-vera-veldig-usunn og som eg mest sannsynlig kjem til å eta... I tillegg blir det vel enda meir shopping:D både til New York, Philadelphia, Pittsburgh, Washington DC og Altoona:-):-) Men viss det ikkje blir shopping i dei store byane, blir det hvertfall skuletur der. Og så må eg nevna at på hausten er det det veldig så omtalte ballet:D då må eg ta med meg dei vennene eg forhåpentlig vis har fått og handla kjole, og viss eg ikkje finne noko eg like...?så(...kanskje eg kan ha på meg bunaden?...) men om våren er det "homecoming", det er ikkje så veldig formellt,.
Skulen eg skal gå på heiter Central high school. Skule"dyret" er ein raud drage... Eg var inne på nettsida og leste litt. Her i noreg er dei mykje snillare når da gjelde klede... På skulen eg skal gå på må alle passa på å sjå rene og pene ut. Med reint hår, klede og fjes. T-sjorter med støtande trykk er forbode og alle må halda seg på høgre sida av gongen (eller var da venstre?) Du må ha pass for å gå på biblioteket og for å gå i gongen i timane, og det var påbudt å rydda fint etter seg når lunchen var ferdig. Nei ditta ska bli kjekt!!:-) (eg kan og velga mellom mangen fag-noko som blir veldig befriande)

Men alt er ikkje berre idyllisk, snart burde eg begynna å stressa. Eg har ikkje pakka, og manglar enno å fullføra eine av presentasjonane mine... og alle dei papirene eg må fiksa! Visumet er heldigvis i boks, men eg trur ikkje det går opp for med ka eg har heve meg ut i før eg landar trygt i Pittsburgh og ser vertane vinka vennleg til meg:-)

1 kommentar:

  1. Hei Sofie! Eg hører du har kommet vel fram. Du får sikkert et spennende år! me håper du har litt tid innimellom til å oppdattere bloggen din. Klem fra Siv Merethe og Maren

    SvarSlett