fredag 3. juli 2009

Den Amerikanske Ambassaden

Heisann!! Den 2. juli var eg på den Amerikanske ambassaden for å få visum. Det var heilt sjukt med sikkerhet!! Eg måtte gå inn heilt åleine, nokre vaktar tørka av henda mine med eit rart papir og satte det i ein maskin. Sikkert for å sjekka om eg hadde eit eller anne skummelt på dei... Herregud...XD Alle tingene mine måtte eg la vera igjen, (utanom alle papirene mine selvfølgelig) og eg sjølv måtte gå sakte gjennom ein detektor, slik du gjer på flyplassar... I skranken der eg leverte alle papirene mine måtte eg snakka engelsk, og det føregjekk mellom eit skuddsikkert glas. Det same gjorde "intervjuet". Ei amerikansk dama spurte meg om heilt snåle standarspørsmål; "ja, har du ungar eller er gift? Du har vel ikkje vore i kontakt med politiet, eller blitt arrestert før?" eg ser ikkje ut som ein vaksen person ein gong, og ikkje er eg det heller. Men mens ho spurte meg om det såg ho på ein dataskjerm, sikkert fullstappa med informasjon om meg. (Eg måtte nemlig avgi fingeravtrykk før ho byrja å spør meg om ting) Det var sikkert berre bra informasjon, kan eg tenkja meg:-) Men det eg reagerte på var at i det rommet intervjuet var, satt det sikkert 20 andre personar som og skulle intervjuast og få visum. Sidan ho damo satt bak eit glas, følte eg at eg måtte snakka mykje høgare til ho enn vanleg innestemma. I tillegg min stressete engelsk kunne sikkert alle høyra meg, men ikkje forstå meg.

Eg møtte på to andre som og skulle ha visum. Ei jenta som var lika gammal som meg, og ei som skulle ta fjerde året sitt i USA. Ho studerte olje og gass på NTNU i Trondheim. Dei var veldig hyggelige, og det var kjekt å ha nokon å snakka med=)

Då eg endelig kom ut, var køen for å komma inn blitt ganske long. Det var veldig mangen som var på min alder der.

Sidan mamma, pappa og eg for ein gongs skuld var i Oslo måtte me jo gå litt rundt i byen. Men det var så varmt!! Sikkert 50 grader celsius! Alle tre holdt på å døy mens me traska rundt utan mål og meining. Eg fikk handla litt og me var på Akershus Festning. Så turen var verdt da.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar